Ny rettleiar om ansvaret til institusjonane for forskingsetikk

Skal gi ein brei inngang til arbeidet med forskingsetikk, med fokus på relevante ressursar og døme.

omslag av rettleiaren. Illustrasjonen illustrasjonen viser menneske som held ulike tannhjul på plass i ein felles konstruksjon

I 2021 oppretta FEK ei arbeidsgruppe for å utarbeida ein rettleiar om arbeidet til institusjonane med forskingsetikk. Eit formål med rettleiaren er å bidra til omgrepsavklaring, og FEK meiner det er formålstenleg å skilja mellom «forskingsetiske spørsmål», «forskingsetiske saker» og «ureielegheitssakar». Eit anna formål er å visa korleis ein institusjon kan arbeida med forskingsetikk i heile organisasjonen.

Det heiter det i innleiinga til rettleiaren, som vart lagt fram på Forskningsetisk forum 2023.

Rettleiaren skal visa kva det vil seia å jobba med forskingsetikk i brei forstand. Den skal også gi inspirasjon og visa til konkrete døme, forklarte Vidar Enebakk i Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Han har utarbeidd rettleiaren saman med kollega Thomas Østerhaug.

– Det me har brukt mykje tid på, er å henta inn og visa til ressursar som kan vera nyttige for dykk, sa Enebakk under forumet.

I Noreg har me dei siste åra hatt eit for sterkt fokus på handtering av vitskapleg ureielegheit, meiner Enebakk, det som då forsvinn, er det førebyggjande arbeidet.

– Me har laga ein rettleiar for korleis institusjonane kan framme god forskingsetikk i praksis.

Østerhaug forklarte korleis rettleiaren er bygd opp, men eit kort kapittel for kvar rolle ved institusjonane.

-Me startar nedst med studentar, kva treng dei? Så går me gjennom kva som kan gjerast av rettleiarar, i forskarfellesskap, hos administrativ støtte osb. heilt opp til institusjonsleiing.

Du finn heile rettleiaren her: Veileder om institusjonenes ansvar for forskningsetikk